Dette prosjektet/sosiale eksperimentet gjekk ut på å køyre bilen til pappa (ein saab), frå meg (i Erdal) og inn til Sjur (i Runnen) og vidare råne litt med Sjur, med svømmebriller plassert opp-ned over auga mine. Mine forventningar til prosjektet var at det skulle bli litt vanskelegare å køyre pga dårlegare sidesyn, og at folk ville kome til å snu seg når eg køyrde forbi dei og tenkje "køyrde han faktisk med svømmebriller på, opp-ned? Galskap!".No kunne eg sikkert skrive kjempemykje om turen min frå Erdal til Runnen og vidare råning, men det gidd eg ikkje. Det som skjedde i korte ord, var at det eg fekk litt dårlegare sidesyn, og at nesten ingen la merkje til brillene mine, utanom ein mann med brunt hår i 30-40års alderen som såg mot meg litt lenger enn ein vanleg person ville sett på ein tilfeldig bil som køyrer forbi. Prosjektet gjekk med andre ord riktig så dårleg, men likevel var det rått!
Dette har eg lært av eksperimentet: det er ikkje nødvendig å fikse sveisen når du berre skal ut å køyre, for ingen kjem til å leggje merkje til kor teit du ser ut på håret uansett!